Alle typar tekstiler kan du levere til mottak for tøy/tekstilar. Dei må være heile, reine og tørre.
Tekstiler og tøy må vere reine, tørre og utan lukt når du leverer desse inn. Sko skal ikkje vere øydelagt eller utslitt og treng ikkje å vere vaska. Du kan også levere inn einslege sko.
Små mengdar tekstiler og tøy som ein ikkje kan reingjera kastas i restavfallet. Større mengder leverer du til ein gjenvinningsstasjon.
Så lenge kleda er reine og tørre kan du levere dei inn i tøyinnsamlinga, også om dei har målingsflekkar eller andre flekkar som ikkje går bort.
Syntetisk tøy vert produsert med stoff som nylon, akryl eller polyester, og inneheld dermed plast.
Det er ressurskrevjande og miljøbelastande å produsere tekstiler og klær. Uansett kva kleda er laga av, er det beste å levere dei til gjenbruk i dag for å spare miljøet for produksjon av endå meir tekstilar.
Klær kan enten gå til ombruk, bli reparert, bli redesigna eller få nytt liv som noko heilt anna. På denne måten tar vi vare på materiala som allereie er produsert.
Klær som inneheld plast avgjer mikroplast når ein vaskar dei. Vask dei så lite som mogleg og skaff ein vaskepose eller filter på vaskemaskinen som fangar opp mikroplast (nyere maskiner kjem ofte med filter).
Mengden tekstilar som blir levert inn har vore sterkt aukande dei siste åra, spesielt klede av lavare kvalitet.
Vi leverer inn så mykje klede no at det ikkje er nok mogligheitar for gjenbruk og materialgjenvinning.
Hva kan du gjere?